Velkommen til Fysio 1 i Helsehuset Ørsta
saman kan vi nå måla dine
Lat oss gjere kvardagen enklare for deg!
Har du smerter, stivheit eller treng rehabilitering etter skade? Vi hjelper deg på vegen til ein sterkare og meir rørleg kropp, med tilpassa behandling for dine behov. Lat oss gjere kvardagen enklare for deg.
Velkommen til Fysio 1 i Helsehuset Ørsta
I Fysio 1 er vår filosofi at pasientane skal oppleve god, trygg og effektiv hjelp i tett samarbeid med våre terapeutar. Vi legg vekt på at kvar enkelt får innsikt i eigne plager og lærer korleis dei sjølve kan bidra aktivt til betring gjennom heile rehabiliteringsforløpet. Dette inneber ofte eit tilpassa treningsopplegg i kombinasjon med målretta behandling.
Samarbeid og kompetanse
Vi er eit firma som set tverrfagleg samarbeid høgt, og vi er stolte av å vere samlokaliserte med to helsefremjande verksemder: Mova (treningssenter) og Avonova (bedriftshelseteneste). Saman bidreg vi til eit heilskapleg helsetilbod som dekkjer både førebygging, behandling og opptrening.
Terapeutane våre har brei erfaring og variert fagleg bakgrunn, noko som gir pasientane våre best mogleg føresetnader for å oppnå gode resultat i møte med sine utfordringar.
Trygg kommunikasjon og samarbeid med helsevesenet
Vi samarbeider tett med fastlegar, arbeidsgivarar og forsikringsselskap, og er tilknytte dei fleste behandlingsforsikringsordningane i Noreg. Alle våre terapeutar er kopla til Norsk Helsenett, noko som gjer at vi kan kommunisere digitalt og sikkert med helseinstitusjonar som sjukehus og legekontor.
Dette omfattar:
- Sending og mottak av henvisningar og rapportar
- Tilgang til biletediagnostikk (MR, røntgen m.m.)
- Effektiv og trygg oppfølging i samarbeid med din fastlege
Opningstider klinikk:
Måndag-Fredag 08:00-16:00
Telefon:
Administrasjon:
E-post:
NB!
For refusjonsbehandling ta kontakt
per telefon då venteliste kan
forekome.
Post- og besøksadresse:
Fysio1 AS, Strandgata 4, 6150 ØRSTA