ysio_timeline.png

Velkommen til Fysio 1 i Helsehuset Ørsta
Vår filosofi i Fysio1 er at pasientane skal oppleve god og effektiv hjelp i samråd med våre terapeutar. Vi har fokus på at den enkelte skal få innsikt i sine plager og lære korleis dei sjølve kan bidra til betring under eit rehabiliteringsforløp. Dette medfører ofte treningsopplegg i tillegg til eventuell behandling.

Vi er eit firma som set verdien av tverrfagleg samarbeid høgt og er difor stolte av å vere samlokaliserte med to helsefremjande foretak, Topp Trening (treningssenter) og Avonova (bedriftshelseteneste). Vi har brei erfaring og variert utdanningsbakgrunn som vil være med på å gi våre pasientar best mogleg resultater med sine utfordringer. 

Vi samarbeidar tett med fastlege, arbeidsgivar og i tillegg er me tilknytt dei fleste forsikringsselskapa som formidlar behandlingsforsikring. Alle våre terapeutar er tilknytt Norsk Helsenett, noko som gjer at me kan kommunisere med helseinstitusjonar som sjukehus og legekontor online. Dette inkluderer henvisninger, biletediagnostikk (MR, røntgenbilete o.l) i tillegg til at me kan sende og motta rapportar direkte i frå din fastlege. 

 
FullSizeRender.jpg